Hopp til innhold

Me i Store Steg har eit mangfald av dialektar, og det er ikkje alle som er like komfortable med å skriva nynorsk. Likevel stadfesta me i dag at Store Steg skal vera ei nynorsk verksemd! Det finst fleire verkty som kan hjelpa med oversetting: https://www.apertium.org/index.nob.html?dir=nob-nno#translation

Her kan ein skriva inn tekst og få den direkte oversatt til nynorsk (mellom mange andre andre språk). Det er ikkje alle oversettingar som vert like gode, men det hjelper langt på veg dersom du har mykje tekst, eller lurer på den nynorske versjonen av eit bokmål-ord.

Visste du til dømes at ordet «Korfor» er lov til å skriva på nynorsk? Denne skrivemåten er nærare talemåten vår «Køffø» (på Voss) og «Koffor» (i Bergen). Likevel er ordet «Kvifor» mykje meir brukt i det nynorske skriftspråket.

Scroll til toppen