Hopp til innhold

Eit bilde er verd tusen ord, og når det gjeld å fanga merksemda til publikummet ditt er det viktig å utnytta alle sjansar du har til å kommunisera bodskapet ditt. Her er kvifor du må bruka visuelt innhald i marknadsstrategien din og kommunikasjon!

  1. HJERNEN VÅR OPPFATTAR BILDE OPPTIL 60 000 GONGER RASKARE ENN TEKST
    Visuelt innhald blir oppfatta mykje raskare enn tekst. Det er derfor lurt å setja det saman med tekst; i hovudsak for å støtta bodskapen eller vera forklarande for bodskapen. I tillegg til å hjelpa deg å formidla informasjon som vil bli hugsa, vil det òg føra til meir engasjement. Det viser seg at bedrifter som legg ved bilde og videoar i innlegg på sine facebooksider skapar opp til 2,3 gonger meir engasjement enn innlegg utan.
  2. HALD PÅ BESØKANDE LENGRE VED Å BRUKA BILDE Ved å legga til bilde på nettsidene dine vil du merka at besøkande vil bli verande litt lenger på sida. Dette er fordi besøkande bruker lenger tid på å utforska produktet ditt. Du kan førestilla deg at du skal booka hotellrom for din neste ferie. Kva bruker du mest tid på å sjå på, utanom pris? Mest sannsynleg bilda. Kjem du over eit hotell med svært få, lite beskrivande eller dårlege bilde vil du kanskje gå vidare med ein gong.

Lesar du eit stykke informasjon, vil du hugsa 10% om 3 dagar. Legg til eit bilde, og du hugsar 65%.


Facebookbrukere bruker 3 ganger så mykje tid på å sjå direktesendinger på Facebook føre vanleg video.


51% av all video som blir spelt av skjer på mobile einingar.

85% av videoar på Facebook blir sett utan lyd.


Personar som følgjer instruksar med tekst og illustrasjonar gjer det 323% betre enn personar som følgjer instruksar utan illustrasjonar.


Tweeter med bilde får 150% fleire retweeter enn dei utan.


Organisk engasjement på Facebook er 14% høgare på innlegg med videoar og bilde.

BILETBRUK PÅ NETT
Husk at du ikkje har lov å ta bilde frå Internett som du ikkje eig eller har tatt sjølv! Finn du eit fint bilde i eit bildesøk i Google, er det ikkje berre å lasta det ned og legga det ut på sidan din. Vil du bruka det bildet må du ta kontakt med fotografen for å høyra om det er greitt at du bruker det. Andre måtar å finna bilde på er å bruka gratis bildebankar som til dømes pixabay.com, eller å kjøpa bilde frå bildebankar som fotolia.com eller scanpix.no. Digitalbyråer som oss har ofte avtalar med slike bildebankar.

BRUK RIKTIG FORMAT OG FILSTØRRELSE
Store og fine bilde kan sjå veldig bra ut, men viss bildefilene er så store at dei brukane fleire sekund på å lasta kan det føra til at besøkande går kjapt ut igjen. I dag er ein ofte på farten når ein surfar på nett, og då har ein gjerne litt dårleg tid. Google oppdaga at om lastetiden vart forlengt frå 0,4 sekund til 0,9 sekund sokk trafikken med 20% (Kilde: Kissmetrics). Du må derfor passa på å komprimera fila til riktig storleik og bruka riktig filformat. Jpeg-formatet er best for fotografi og bilde med graderingar, medan PNG er best for bilde med tekst, logoar og illustrasjonar.

BRUK PASSANDE VISUELT INNHALD
Effektivt, visuelt innhald kan vera svært kraftfullt i marknadsføring når det blir brukt riktig. Eit bilde eller ein grafikk vil uansett skaffa merksemd, men du bør hugsa å bruka innhald som reflekterer bedrifta di og produkta dine. Fell du litt utanfor og deler innhald som er litt upassande eller uvant deg og profilet ditt kan det faktisk vera verre enn å ikkje ha noko visuelt i det heile. Prøv derfor å skapa nokre retningslinjer for bilde-/videobruk. Pass på å alltid bruka bilde som passar til kontekst og det kunden din leitar etter. I tillegg er det viktig at bilda er av god kvalitet så dei ikkje blir uklare og pikslete på ein dataskjerm.

Bilde du bør unngå:
Bilde av dårleg kvalitet – med låg oppløysing, lite kontrast eller som er uskarpt, til dømes. Har du ikkje eit bilde av god kvalitet bør du heller la vera å ta med bilde.
Bilde av folkemengder. Prøv å bruka bilde med éin eller få personar så besøkande får noko å fokusera på.
Bilde av andlet som er større enn eit andlet er i verkelegheita. Dette opplevast som overdrive og veldig.
Historiske bilde. Føresett at du ikkje er ute etter å nå fram til ei målgruppe av historieentusiastar bør du halda deg unna historiske bilde. Besøkande vil mest sannsynleg synast det er kjedeleg.


KOR KAN DU DELA VISUELT INNHALD?
Nettsida di er ofte det første møtet til potensielle nye kundar med bedrifta di. Bilde på nettsida er derfor veldig viktig, så lenge dei er relevante, av god kvalitet, og passar profilen til bedrifta di. Andre stader det er naturleg å bruka bilde er sosiale medium. Opprett og brukt aktivt kontoar på Facebook, Instagram og LinkedIn, og gjerne òg YouTube, Twitter og Pinterest om dette er relevant for deg. Spesielt restaurantar og spisesteder har stort potensiale for engasjement på visuelt innhald på sosiale medium i følgje Facebookrapporten for 2016.

Kilder:
MOZ
Kissmetrics
Hubspot

Scroll til toppen